Magasinet Classic Rock

Classic Rock
Oppretta1998
Språkengelsk
Nettstadhttps://www.loudersound.com/classic-rock

Classic Rock er eit britisk tidsskrift og ein nettstad vigd rockemusikk, eigd og gjeve ut av Future plc. Det blei lansert i oktober 1998 og har base i London. Bladet gjev ut 13 nummer per år, og dekker hovudsakleg rockeband frå 1960-talet, 1970-talet, 1980-talet og 1990-talet, med Led Zeppelin, AC/DC, Pink Floyd, Rolling Stones, Queen, Black Sabbath, Aerosmith og Deep Purple som døme på artistar det har avbilda på framsida. I tillegg til veteranar i rock, dekker Classic Rock òg moderne rockeband og utgjevingar, med Alter Bridge, Rival Sons, Halestorm, Ghost, Blackberry Smoke og The Struts blant dei yngre artistane som har vore på framsida i seinare år.[1][2]

  1. «Blackberry Smoke - Check out the new issue of Classic Rock Magazine! They did a special feature on us and other rockin' artists for 'The Class of 2015'.». Facebook. Henta 15. november 2022. 
  2. «Alter Bridge: The rise and rise of rock's reluctant superstars - only in Classic Rock». Henta 15. november 2022. 

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search